lørdag 3. juli 2010

"Anna med barnet" på Herøy gard

På ein gravplass ved Herøy gard står ein stor metallkross med innskripsjonen "Anna med barnet". Segna fortel at Anna Margrethe Irgens Holst døydde i barselseng  då ho venta sitt åttande barn, og at det etter gravferda var ein som høyrde lydar då han gjekk forbi gravplassen. Grava vart opna, og der fann ein ut at Anna hadde fødd eit barn i grava, men at dei begge no var døde. Nokon seier òg at det var kloremerke på undersida av loket på kista, som om Anna hadde prøvd å klore seg ut.

Ei spennande og skummel historie er det uansett kor vidt den er sann eller ikkje.

2 kommentarer:

  1. Ei skummel historie, men neppe sann. Reknar med at folk låg nokre dagar på likstrå før dei grov dei ned. Men kven veit.......

    SvarSlett
  2. wwww.ho-olaug.blogspot.com

    SvarSlett