fredag 2. juli 2010

Badetemperatur: 15 grader

Dagen begynte med ein del sol, og temperatur over 20 grader, noko som kjennest som tropehete i år. Etter at Eldstejenta til slutt stod opp, og ho hadde teke seg ein deilig frokost i hagen, tok ho og eg med oss dei to små og naboens to største til Gamlegjerdet, der vi bada i badehølen. "Vi" er kanskje å overdrive, forresten - eg stakk tærne uti og var nøgd med det. 15 grader er litt lite for gammalt folk.

1 kommentar:

  1. Til samanlikning var det + 18 grader i sjøen på Gran Canaria den gongen vi var der. Viss det er varmt på land kan ein godt bade i 15 grader,men direkte behagelig er det ikkje.

    SvarSlett