fredag 2. juli 2010

Bok 30 2010: "Hjemkomsten" av Victoria Hislop

Britiske Sonia er midt i 30-åra og ulukkeleg gift. Etter eit dansekurs reiser ho saman med venninna Maggie på tur til Spania, der ho snublar over ei gammal forteljing om lagnaden til familien Ramirez under og etter borgarkrigen. Hislop er kanskje ingen stor forfattar, og mykje av handlinga er temmeleg lett å gjette seg til. Likevel var det spennande å høyre/lese om den spanske borgarkrigen, som eg visste svært lite om frå før. Og så fekk eg lyst til å reise til Spania, om enn ikkje for å danse...

3 kommentarer:

  1. Eg held på å lese denne boka, på norsk. Synest der er mange klisjéar både i språket og hendingane. Men underhaldande er den.

    SvarSlett
  2. Hislop er eigentlig journalist og brukar romansjangeren for å fortelje om historiske hendingar. Ho er ingen stor forfattar, men faktisk likte eg betre Hjemkomsten enn Øya, kanskje fordi eg hadde mindre forventningar. Men eg hugsar ikkje mykje av heile historia. Klokkene ringer for deg av E.Hemingway er ei anna bok frå den spanske borgarkrigen.

    SvarSlett
  3. For meg var Hjemkomsten ei stor overrasking, i og med at eg var i Granada ei veke for nokre år sidan. Eg besøkte både sigøynerkvartala, Alhambra og museet til diktaren (hugsar ikkje namnet i farten). Dette gjorde det ekstra kjekt å lese. Og borgarkrigar er forferdeleg og fasinerande på same tid. Men klart det er litt vekeblad-aktig, men ein tek ikkje skade av det ein gong i blant.

    SvarSlett