torsdag 15. juli 2010

Bok 32 2010: "Tapte døtre" av Xinran

Frå før visste eg litt om situasjonen når det gjeld jenteborn i Kina, men denne boka gav mykje ny lærdom, samtidig som ein får innblikk i kjenslene til jentemødrer. Nokre opplever at jentebabyane blir drepne ved fødselen, andre kjenner seg pressa til å gi frå seg jentebarnet sitt til adopsjon fordi ho då kan få eit langt betre liv. Hovudbodskapen er at den biologiske mora alltid vil hugse barnet sitt og tenkje på henne, og at dottera kanskje vil sakne mora si for alltid òg. Dette er ikkje ei objektiv framstilling, og boka kan bli sentimental til tider, men det er like fullt eit interessant tema som vi bør ta oss tid til å setje oss inn i. Mange av problemstillingane treng ikkje vere knytte til det kinesiske samfunnet heller, for problematikken rundt fattigdom og barnefødslar er truleg global.

1 kommentar:

  1. Denne boka har eg lese, og eg vart sjokkert over grusomheitene. Men eg hevdar framleis at det er ei viktig bok. Eg er også samd i at den kan vere litt sentimental, særlig på slutten,fordi forfattaren sjølv er involvert i historia.

    SvarSlett