fredag 16. juli 2010

Bok 33 2010: "Tilbake til Riverton" av Kate Morton

Kollegavenninne K gav meg denne fantastiske boka til bursdagen, og det skal ho ha stor takk for! Dette er ein debutroman som imponerer stort.

Eg-forteljaren i romanen er ei nesten hundre år gammal hushjelp som kjem attende til den tidlegare arbeidsstaden i høve ei filminnspeling. Gradvis vert ei dramatisk fortid avslørt, og i tillegg har forfattaren lagt inn rikeleg med hint som spenningsskapande element undervegs. Romanen er lang, og den er skriven på ein svært visuell måte, så eg håpar nokon lagar ein tv-serie av den. Nokre bokmeldingar kritiserer lengda og seier det blir for mykje av det gode, men eg var begeistra og kunne eigentleg godt ha tenkt meg å lese den omatt med det same. God og lett sommarlektyre!

1 kommentar:

  1. Den boka høyrest trivelig ut. Synd det ikkje er lydbok. Det har ikkje blitt lese mykje mens vi har vore her, men i morgon går truleg ferda vidare til Sverige.

    SvarSlett