torsdag 15. juli 2010

Du skal ikkje sova burt sumarnatta

Etter ein nydeleg dag med cafébesøk og solskinstur vart det litt for freistande for Gamla å gå på leiting etter solnedgangen. Dei to yngste ville vere med, så det vart solnedgang og bading klokka 23.00, plukking av jordbær 23.30 og endatil litt romantikk ved midnatt. Ein halv time etter midnatt drikk dei varm o'boy-mjølk og et kavring. Eg forventar å bli vekt av at barnevernet ringer på døra i morgon tidleg!

2 kommentarer:

  1. Nydelege bilete frå nattleg utflukt! Var du på kafe i det gule huset? Vi lurte på om vi skulle gå opp dit...

    SvarSlett
  2. Ja, det var der vi var. Kunne ikkje akkurat styrte ut og rope, men det hadde no vore kjekt om de hadde kome innom. Gjer det neste gong - det kan godt hende eg sit der då òg...

    SvarSlett