torsdag 8. juli 2010

Gåver frå Hareidsgjengen

På bestilling frå Systa legg eg ut bilete av gåva mi. Når eg først har begynt å legge ut slike bilete, får eg berre halde fram. Og så fekk eg ein idé om å legge ut Flora-serviset under eigen etikett, sånn med tanke på jul, til dømes....  Viss de ikkje ser det på biletet, er det altså fat med raudkløver og jonsokblom.

Systa skriv meir om meny og slikt på sin blogg - eg kan berre forsikre om at alt smakte fortreffeleg, som vanleg. Eg skal snart prøve den nye svelepanna, men det blir ikkje i kveld.

2 kommentarer:

  1. Du får berre seie ifrå når du har fått nok Flora.
    I morgon skal vi ta bussen til Moa, der blir vi henta av bilseljaren og så køyrer vi heim i ny bil. Det blir vel verken byatur eller Hareidstur i morgon, men kanskje ein runde på Moa?
    Du må blade deg tilbake på bloggen min, så finn du Torbjørn sine bilde frå Den store fisketuren.

    SvarSlett
  2. Du kan no dekke med alt du har av servise ein dag det høver, så gjer du det lett for oss!

    SvarSlett