lørdag 10. juli 2010

Lopradag

I dag skulle det verte fint vêr, men vi fekk som vanleg litt av kvart. Dei to små og eg gjekk tur med Pelle ned i fjøra i dag òg, og eg gjekk lang tur med han om kvelden. Elles har eg gjort fint lite, er eg redd. Ei stund sette eg meg ut med ei bok for å vente på sommaren, men det vart for kaldt. Det bør snart kome ein skikkeleg fin dag!

1 kommentar:

  1. I dag vakna eg klokka 7 og la meg til å lese, mens Nils sov vidare. Det plar vere omvendt-at eg søv altså. Nils på står å ha sett på yr.no at det skal bli fint i morgon. Så får vi sjå........

    SvarSlett