torsdag 8. juli 2010

Sjukehus og shopping

Då vi hadde eit ærend på sjukehuset i dag tidleg, tok like godt ungane og eg oss ein tur på Moa etterpå. Vi handla ein heil del spel, dvd'ar, litt lego, badebukse til Minstemann og nye sommarskor til tre av borna. Det er ikkje mogleg å reise på camping utan crocs, og legokjøpet til Minstemann viser òg at vi er i campingmodus for tida.

Då vi sat på venteromet på sjukehuset, kom plutseleg Minstemann med blodig munn og bad om papir. Den eine framtanna hans har vore laus ei tid, og ventetida vart nytta til å rigle den heilt ut. No heng den andre på skeiva, så han vert truleg temmeleg tannlaus om ikkje så lenge.

Bilen fungerer flott, og det er fantastisk å vere fri til å kjøre dit ein vil. Og vi ville til Hareid på heimveg. Dessverre hadde eg ikkje kamera med på turen.

2 kommentarer:

  1. Eg blir litt nostalgisk når eg ser born utan framtenner. Då dei begynte på skulen i 7-årsalderen, var det slik vi møtte dei.

    SvarSlett