søndag 26. desember 2010

2. juledag: familieselskap hos blogge-"Besta"



Tradisjonen i familien er å samlast hos foreldra mine i Ørsta på andre juledag. Då kjem Systa og eg med familiane våre på slep. Søskenbarna finn som regel tonen fort, og i dag kosa dei seg med brettspel og litt uteliv. Som alltid når vi møtest går praten lett, vi får nydeleg mat og kosar oss ilag. Minstemann var ikkje heilt i storform, så han tok seg ein blund etter middag. I bloggande stund er han i storslag; han og Storegut wrestlar - heldigvis berre på Play station - og jentene redigerer film som truleg kjem på bloggen i morgon.

2 kommentarer:

  1. Godt å høyre at Minstemann er i slag, han var ikkje heilt kvikk då eg drog genseren på han,( men har ein mistanke om at han spelte litt). Blir litt flau over furuveggene våre kvar gong dei er på bloggen.Det er jo heilt UT-men vi likar dei uansett.

    SvarSlett
  2. Så kjekt de har det med slike tradisjonar! Ha ei riktig fin romjul! Eg ser fram til mildare ver...

    SvarSlett