lørdag 25. desember 2010

24. desember: julaftan

Vi har feira jul på tradisjonelt vis, med sein og god frokost, gudsteneste, pinnekjøt og pakkeopning. Alt i fredelege og hyggelege omgjevnader. Eg skal la bileta tale for seg sjølv i kveld, men må ta med denne dialogen mellom Nissen og Minstemann:

Nissen: "he du vore kjekke gut i år, då?"
Minstemann: "æææææh.... Æææææh... Ditta va et vanskelig spørsmål...."














1 kommentar:

  1. Ein fin bukett! Våre er ikkje lette å feste på film. Vi gjorde diverse forsøk!

    SvarSlett