mandag 27. desember 2010

3. juledag: "Same procedure as every year"



Minstemann er forkjøla, og då passar det dårleg å vere ute i 10 minusgrader. Dei to store var litt tregare i avtrekkaren enn vi andre, så det vart Veslejenta, Nabogut J og eg som tok oss ein sparktur med Bau medan det var lyst ute. Eldstejenta gjekk tur med Bianca noko seinare.

Verda ser framleis ut som eit julekort på våre kantar, sola har snudd og det går mot lysare tider. Inne fyrer vi i omnen, brenn lys, et god mat og ein heil del godteri - slik det skal vere i jula. Vi spelar brettspel og Play station, ser tv og kosar oss. Det begynner å minne om ferie...

1 kommentar:

  1. I dag kom eg meg endeleg ut, og det gjorde godt. Men eg kunne tenkt meg færre minusgrader. 13 her no.

    SvarSlett