mandag 6. desember 2010

6. desember: når ein ikkje får ros, er det i alle fall kjekt å få roser

I lærargjerninga blir det ikkje så mykje ros i kvardagen, og ein kan til og med kjenne seg misforstått og lite sett pris på, trass i at ein legg sjela si i å halde gode timar som skal utruste elevane med danning og kunnskap i framtida. "Perler for svin" er eit uttrykk som kan passe, men det er å overdrive, sidan det ikkje er snakk om verken svin eller perler.

I førre veke såg vi ferdig filmatiseringa av "Sult" av Knut Hamsun, og elevane verka sånn passe begeistra, trass i mitt brennande engasjement. Då er det ekstra kjekt at ein slengjer ut ein kommentar om "Ylajali på en seng av gule roser" - og at det er favorittblomane på grunn av at ein likar så godt boka - og så dukkar det opp ein slik bukett utan noko årsak eller eit særskilt høve. Ein burde bli flinkare å gi både ros og roser, og ikkje berre gi kvarandre gåver og lovord når det er forventa.

4 kommentarer:

  1. Eg har ikkje sett filmatiseringa, men las boka i fjor. Er det den gamle - i svart/kvitt?

    SvarSlett
  2. SULT skreiv eg om til eksamen på DH for ørten år sidan. Hamsun si debut-bok og den beste han nokon gong skreiv. Den einaste gode, meiner somme.Knausgård er sterkt påvirka av Hamsun, noko som eg merka i bok nr.1. I bok nr. 5 seier han det rett ut. Eg må innrømme at mykje av boka er gløymt, men dei gule rosene har eg gøymt på. Dessverre er det sjeldan eg får verken ros eller roser- eller gir for den slags skuld. Var det elevane som tok hintet??

    SvarSlett
  3. Elevar gir ikkje verken ros eller roser, er eg redd. Eit år i Ulsteinvik fekk eg stadig vekk eple, etter at eg lanserte det som ein tradisjon ved skulen. Det er svart-kvitt filmen, ja - veldig spesiell, men vel verd å sjå også innanfor temaet adaptasjon.

    SvarSlett
  4. Eg har sett at den ligg på skulen. Vi skal ha om Hamsun etter jul. det minner meg på at eg skal lese Markens grøde før den tid.

    SvarSlett