torsdag 30. desember 2010

6. juledag: fisk og brettspel

I dag regna det ute, så eg gjekk meg ein tur aleine på føremiddagen. Til middag serverte eg heile familien ein ny av mine eigenkomponerte rettar; la oss kalle den "pestolaks". Den fall i smak hos alle andre enn Minstemann, som lever på poteter for tida.

Etter middag tok ungane og eg oss nokre rundar med brettspel og kortspel, julekaker og kaffi. Deretter retta eg ferdig min siste bunke i år, så no kan ferien verkeleg starte!

4 kommentarer:

  1. Det kan vere kjekt med brettspel, men eg er heilt analfabet når det gjeld alle spela som finst i dag.Tek gjerne imot tips om kjekke spel som er lurt å ha i hus.

    SvarSlett
  2. Vi brukte ein del tid på å lære oss spelereglane, og eg er ikkje sikker på at vi forstod dei heilt - eg er allergisk mot bruksanvisningar, som kjent...

    SvarSlett
  3. Her står det fem bilar på tunet. 20-åringane kjem på besøk med brettspel i handa. Eg skimta Besserwisser(?) og Kortskalle.

    SvarSlett
  4. Det kan vere vanskelig å finne spel som både store og små kan vere med på. Eg likar i grunnen best Kinasjakk for der slår eg alle! Skryt! Skryt!

    SvarSlett