fredag 10. desember 2010

9. desember: ein ny aktiv dag

Onsdag kveld måtte eg ta snøskuffa fatt og fjerne ein del snø frå tunet. Rett etter eg var ferdig, begynte det å lave ned att, og det snødde store mengder om natta. Dette medførte ein del kaos i trafikken, så det var ei lette å få parkert bilen på jobb i dag tidleg og gløyme snøkavet ei stund. Arbeidsdagen var hektisk i starten, men roa seg såpass at eg var klar for ei treningsøkt etter jobb.

Det er nesten utruleg kor mykje betre eg er i form etter at eg begynte å TRENe. Det blir helst til at eg går og joggar på tredemølla, sidan det gir utslag på skritt-teljaren, og der fyl eg med på tala på displayet og ser at det som var topp-farten min i byrjinga no er noko eg sakkar ned til. Opplegget er å vekselvis gå og jogge, ein kilometer av kvar sort, og minimumslengda er 7 km. Som vanleg har eg altså utarbeidd ein plan og ei målsetjing.

Etter at eg var ferdig å trene, gjekk eg ned på Spinneriet. Der hadde nemleg musikkskulen konsert, og våre to mellomste skulle opptre. Etter konserten var vi igrunnen så slitne og svoltne at vi ikkje orka tanken på å lage mat, så då gjekk heile gjengen på kinarestaurant. Barnefaren og eg sneik oss til å diskutere nokre julegåvekjøp, og eg fekk utretta litt før eg for heim.

Vel heime var det berre å ta på seg felleskjøpdressen og snu i døra for å ta fatt på moking igjen. 90 minutt brukte eg i dag! Og skritt-teljaren, som eg forresten kjøpte ny etter at den gamle klikka etter 7500 skritt på tredemølla, telde 11000 nye skritt med moking. Nabo B kom heim like etter meg, og ho og eg hadde ei triveleg økt med å henge opp lys i ei buske utanfor huset. Etterpå inviterte ho meg på gløgg og småkaker, så det vart ein roleg og hyggeleg slutt på kvelden.

6 kommentarer:

  1. Eg blir heilt matt etter å ha lese om så mykje aktivitet. Kva skal eg seie:Har støvsuga, baka to kaker og lese i ei bok om SERIEMORD.Kor mange poeng får eg for det? Du har ikkje skrive noko om hua passa og om du likte den. Viss den ikkje fell i smak, kan eg bruke den sjølv. Skjerfet er ikkje ferdig, i tillegg til at skuldra svikta, slapp eg opp for garn.

    SvarSlett
  2. Jauda, hua var fin og passa godt - burde eg blogge om det? Det vart plutseleg så mildt at eg ikkje bruker hue anna enn når eg mokar...

    SvarSlett
  3. NB: Du skal ikkje blogge om lua, var berre interessert i å vite om den passa.
    Så må eg få tak i meir garn til skjerfet.
    Har fleire huemønster som eg har lyst å prøve. Kanskje det blir hue til meg sjølv også,når skuldra blir bra.

    SvarSlett
  4. Manglar fotograf i heimen, elles skulle eg gjerne ha tatt bilete av hua...

    SvarSlett
  5. Hm ... eg gjekk mykje meir då eg hadde skritteljar... Ønskjer meg ein som tel skritt ...

    SvarSlett
  6. Min nye teljar tel som berre det, og den har radio. Problemet er at den er nokså stor, så folk trur nok eg har utlagd tarm eller noko liknande...

    SvarSlett