mandag 4. juli 2011

Bok 47 2011: "Modellen" av Lars Saabye Christensen

Denne romanen er eit samansurium av klisjéaktige parallellar. Ekkoet frå Faust er tydeleg, og dessutan er kona til hovudpersonen scenograf og set opp Ibsens "Vildanden", der ein tilsvarande arveleg augesjukdom som hovudpersonen lid av står sentralt. Livet til målaren Peter Wihl er ein einaste stor klisjé, og det same kan ein seie om den homofile venen hans. Likevel er boka svært god, og i stil kan den minne om "Bisettelsen". Christensens bøker har noko ved seg som gjer at eg får lyst til å lese dei omatt rett etter eg har fullført lesinga, berre for sjå korleis han har arbeidd dei fram.

3 kommentarer:

  1. Eg har også lese denne boka, men fekk nok ikkje like mykje ut av den som du. Då tenkjer eg på tolkinga.Eg skal villig innrømme at eg ikkje alltid forstår like mykje av LSC sine bøker, men eg er fascinert av denne forfattaren. Då eg hadde lese ferdig Halvbroren, som er min favoritt, på 22 CD-ar, sette eg på CD nr 1 igjen for å høyre boka ein gong til, men fann ut at det var for tidlig.Det kan høyrest litt rart ut, men eg likar å lese bøker som eg ikkje heilt forstår. For så kan eg lese dei om att, og om att...og få med meg litt meir for kvar gong.

    SvarSlett
  2. Eg meiner eg har lese den to gonger. Likteden sånn passeleg, synest eg å hugse.

    SvarSlett
  3. Den har fått både gode og mindre gode kritikkar, har eg sett no. Eg likar å lese omtalar etter at eg har blogga om ei bok, for då ser eg om eg er på linje med kritikarane eller ikkje.

    SvarSlett