torsdag 28. juli 2011

Nothing's gonna change my world

Det er alltid noko som skal handlast. Og ordnast. I dag var det passeleg vêr til å ta ein tur av stad for å klippe gutta og kjøpe inn litt stæsj og styr som kan vere kjekt og nødvendig å ha når ein skal på Norway cup, til dømes skor. Det var dessutan sal av sommarklede på alle butikkar, billeg solkrem og anna som kan vere kjekt for dei som har spara sommaren til slutten av ferien. Storegut vart godt skodd med både fotballskor og joggeskor, så no skal han sleppe å gå i converse-skorne sine på fjellet meir, eller låne fjellskorne til faren. For ikkje å snakke om å spele fortball med for små skor. Litt klede vart det òg kjøpt, og Minstemann fekk seg ein ny legofigur. Alle fire ungane var med på raidet, så vi hadde det sosialt i tillegg.

I staden for å fare på visitt i Starevegen, vart det til at vi stakk innom den tyrkiske restauranten og kjøpte pizza og barnespagetti. Tilvenning, kallar vi det.

3 kommentarer:

  1. Fine gutar! Her foregår det også førebuing oh pakking.

    SvarSlett
  2. Sveisne karar! Sikkert like bra mat på Tyrkia`s som på Mormor`s

    SvarSlett
  3. Minstemann insisterte også denne gongen på å ete spagetti, og var overlukkeleg då han denne gongen i tillegg til den vanlege gourmetretten fekk ei ketchupflaske som ekstra smakstilsetting...

    SvarSlett