tirsdag 19. juli 2011

Å få passet sitt påskrive

I dag var det eigentleg litt fint ute, men eg fann ut at eg skulle gå tur etter vegen, og ta på softshelljakke - sånn i tilfelle regn. Og regnet kom; ikkje som yr, men som øsande pøsregn. Torevêr var det òg. Typisk nok var eg 5 km unna heimen då regnet begynte, så eg var temmeleg gjennomvåt då eg kom heim. Eg stogga for å ta med posten inn, og der fann eg det nye passet mitt, som ei trøyst i regnvêret og ein lovnad om at det kjem fine dagar etter dette!

3 kommentarer:

  1. Torever har det ikkje vore her. Men kanskje det var berre der inne "Tordengudens sønn" slo til ?

    SvarSlett
  2. Ja, eg hadde lese den ferdig og begynt på ei ny bok - elles hadde det passa litt for godt med det vêret!

    SvarSlett
  3. Opplevde akkurat det same! Sjekka veret før eg for, regn klokka eitt i natt. Softshelljakka gjorde at eg var alt anna enn skjortevåt...
    Dusja vidare inne.

    SvarSlett