fredag 15. juli 2011

Folkestadsetra




Medan småungane var i selskap, og Storegut helst ville vere i fred saman med overnattingsgjestene sine, gjekk eg ein tur rundt vatnet på Folkestadsetra. Eg kjørte fram i enden av setrevegen på eine sida, gjekk vidare på stien fram til vegen på andre sida av vatnet og deretter følgde eg vegen fram til ei ny rås attende til den opprinnelege setrevegen. Eg veit ikkje kvifor det ikkje er veg heilt rundt vatnet - det hadde vore kjekt når det er fuktig vêr. I dag var der noko gjørmete og myrlendt, men nokon har lagt ned steinar og trebruer som gjer turen enklare. Eg gjekk ikkje fort, og turen tok då om lag tre kvarter i nydeleg ettermiddag/kveldssol.

8 kommentarer:

  1. Vakker natur og flotte bilder.

    SvarSlett
  2. Eg lurer på om det er her oppe lærarskulehytta ligg. Vi var der ein gong, heile klassa på dugnad. Dei andre mala og eg laga mar, hugsar eg.Grunnen til at det er umulig å kjenne seg att er at det er 50 år sidan og då var det vinter.

    SvarSlett
  3. Eg er ikkje så godt kjend, men der er i alle fall fleire store hytter...

    SvarSlett
  4. Vegen rundt vatnet er på plass no i 2015, og lærarskulehytta ligg der til nedfalls

    SvarSlett