søndag 3. juli 2011

Gratulerer!



I og med at eg var vekkreist nokre dagar, kom der ingen gratulasjonsinnlegg på bloggen då Svoger fylte år den 22. og Nevø 1 vart heile 24 år den 24. juni. I dag var det Systa sin tur å feire, og då samla mesteparten av slekta seg hos henne på Hareid til deilig kjøtsuppe, masse dessert og gode kaker. Innskrifta på Mormors ferdigkjøpte marsipankake vart eit enkelt "gratulerer" fordi vi markerte fleire bursdagar samtidig. No er der ingen merkedagar før langt ut på hausten, så vi får finne andre grunnar til å samlast og bake.

Mellom måltida reiste dei fleste på fotballkamp på Høddvoll, medan Minstemann og vi eldste damene vart heime. No er vi heime att, og Gamla må ut og gå av seg litt kake...

2 kommentarer: