lørdag 30. juli 2011

Lang, lat laurdag



Storegut og resten av fotball-laget skal delta på Norway cup for første gong, og i dag tidleg kjørte eg han til avtala møteplass etter ei natt med relativt lite søvn. Vel heime var eg både rastlaus og lat på ein gong; eg begynte på fleire prosjekt samtidig og fekk ikkje gjort noko skikkeleg. Til slutt hadde eg likevel rydda og vaska huset, og då var det på tide å handle laurdagsgodt og hente Eldstejenta på kaia. Deretter gjekk vi oss ein tur innover langs fjorden. Skodda låg tjukk og tung heile dagen, men temperaturen var på 16 grader og det var vindstille, så det gjekk fint an å gå tur utan ytterjakke. Minstemann gjer små framsteg med sykkeltreninga, men vi gir oss ikkje. Løn for strevet var markjordbæra vi fann langs vegen.

I kveldinga kosar vi oss med lasagne og laurdagsgodt, ser på tv og er saman. Livet kunne nesten ikkje vore meir innhaldslaust, men det er akkurat slikt vi set pris på for tida.

2 kommentarer:

  1. Denne skodda held på å ta knekken på meg, men det klårnar visst i sør...?Elles er det som du seier, godt det ikkje skjer så mykje, men eg er likevel glad for at der er EMMA på TV i kveld.Kos dokke.

    SvarSlett
  2. I dag vurderte eg overskrifta lat laurdag ... Her sov vi attpå. Frøkna stod opp 5. Dei skulle rekke rosetoget.
    No lagar eg litt ripsgele. Det er lenge sidan sist.

    SvarSlett