torsdag 21. juli 2011

Stigedalen til Movatnet




I kveld gjekk turen til Stigedalen, der det går grusveg nesten heilt inn til Movatnet, og der det dermed er svært lett og fint å gå. Den siste biten på sti var relativt fuktig og ufyseleg, men så var det fint å kome heilt ned til vatnet. Eg har ikkje vore så langt før, anna enn på ski, og det er rart å sjå det same terrenget i sommarskrud. Det vil seie; sommar og sommar, fru Blom. Det var 12 - 13 grader, skodde og meir haustleg enn sommarleg. Blåbæra, derimot, var små og grøne enno, så ein kunne sjå at hausten er eit stykke unna likevel.

4 kommentarer:

  1. Eg har aldri voe lenger enn til Sagesetra. Movatnet var noko eg høyrde om i ein fjern barndom. No får eg i alle fall sjå det på bilde.

    SvarSlett
  2. Du kan kjøre nesten heilt fram. I dag var det vått på stien og nokre unge oksekalvar ute på beite, elles bra.

    SvarSlett
  3. Det bildet med hytta. Minner det om det du gav Ruth?

    SvarSlett
  4. Det minner kanskje, men det maleriet var frå ei anna seter på vegen inn mot Movatnet. Du får ta deg ein biltur innover!

    SvarSlett