onsdag 26. september 2012

FYR her!

Denne fri-onsdagen har eg brukt på kurs/"workshop" innan FYR, som er ei forkorting av orda Fellesfag, Yrkesretting og Relevans. Vi vart delte inn etter fag, og i dag var eg engelsklærar og deltok i utarbeiding av faglege opplegg rundt yrkesretting av engelskundervisninga. FYR ligg under storsatsinga "NY GIV", som har som målsetjing å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande opplæring. Dette er eit emne som engasjerer meg, og det er noko av det eg vil prioritere i år - ikkje minst når eg får praksisstudent om ikkje så lenge. Fleire på kurset snakka om eksamen, men eg er meir oppteken av korleis vi kan motivere elevane til å jobbe med faget, og korleis dei kan oppleve fagleg meistring.



2 kommentarer:

  1. Einig med deg. Karakterar og eksamen er ytre motivasjon. Dei som treng ny giv, har ikkje vorte motiverte av karakterar tidlegare.

    SvarSlett
  2. I vidaregåande møter ein ungdom som har gått på skule i 10 år - dei har ei klar formeining om kva dei er flinke og mindre flinke til. Dersom dei har hatt dårlege karakterar og støttetimar på ungdomsskulen, er det ekstra viktig å gi dei oppgåver som kan gi meistringskjensle.

    SvarSlett