onsdag 19. september 2012

Fullt program på fri-onsdag

I dag henta vi kompisen til Minstemann, så han hadde selskap på fridagen. Gamla heldt det gåande med skulearbeid og pannekakesteiking, og så gjekk eg ein tur for å sjå om eg ville møte att oteren frå i går. Det gjorde eg ikkje.

Ut på kvelden skulle dei to yngste på fotballtrening, og eg gjekk meg ein liten tur imens. Eldstejenta dansa på grendahuset, og Storegut spelte heimekamp i Volda (dei tapte, men eg veit ikkje mot kven).

I bloggande stund har eg på steiking Pavlovakake og brød, småungane dusjar seg og det går mot kveld i heimen.

2 kommentarer:

  1. Eg har laga ei prinsessekake som eg kan ta med i tillegg til restane av gulrotkaka.

    SvarSlett
  2. Ok, då avlyser eg eplekaka vi hadde tenkt å lage... :)

    SvarSlett