onsdag 5. september 2012

Filosofi på fri-onsdagen

I dag ringde vekkjarklokka tidleg, for dei to yngste hadde tannlegetime kvart over ni. Eldstejenta skulle på jobb, så vi reiste heimanfrå alle saman. I Volda fann vi "null hull", men det vart nokre ærend før vi kom oss over fjorden att og henta kompisen til Minstemann. Vel heime fekk eg unna noko skulearbeid før eg laga middag. Seinare vart det fotballkamp, fotballtrening og foreldremøte. Ein bunke med kartleggingsprøver vart dessutan retta og registrerte, og lekser vart gjorde av store og små.

Stress? 

Mellom desse øktene kom nokre hyggelege stunder med chatting på facebook, lesing av roman og til og med ein "blond date" på café saman med Minstemann. Slike stunder er perler i ein neve med sand og gjer styggevêr og kvardag til eit rikt liv.

3 kommentarer:

  1. ..perler i ein neve med sand....har du laga uttrykket sjølv? I alle fall ein vakker og poetisk metafor!

    SvarSlett
  2. Eg hadde vel eit glimt av poetisk talent?

    SvarSlett
  3. Synd det ikkje er like familiært som utolmodigheit.

    SvarSlett