tirsdag 18. september 2012

Ein sky fyr og eit rart dyr

Etter middag i dag gjekk eg meg ein tur innover Mjeltvika. På veg attende kom ein underleg fyr humpande mot meg på vegen. Han kom temmeleg nær før han oppdaga meg, og då strauk han ned til sjøen, der han plaska rundt ei stund og forsvann.

Fyren var eit dyr, nærare bestemt ein oter. Eg fekk ikkje festa han til minnekort, men legg i staden ut bilete av katten LOL(a), som er langt mindre sky.

2 kommentarer:

  1. I Ørsta seier ikkje eldre folk OTER men SLENTR-
    synest det er eit karakteristisk ord når ein tenkje på korleis dyret beveger seg på land. Vi såg ein gong ein oter på vegen innfor Søvikja.

    SvarSlett
  2. Eg har sett oter før, men då berre i dyrehage eller frå bil. Flrst trudde eg det var ein stygg og skadd hund som kom "slentrande". I dag skal eg gå same vegen og ta med kamera!

    SvarSlett