søndag 23. september 2012

...det er sol og det er søndag

Eg har inntrykk av at "alle" har vore på tur til Hornindal denne helga. Det er lenge sidan eg har vore på Grodås, og eg ser ingen grunn til å fare dit no heller. Som motstandar både av Kvivsvegen og søndagsopne butikkar såg eg heller ingen grunn til å kombinere desse.

Ungane har vore spreidde i dag; Eldstejenta for på jobb, Storegut var med ein kompis og Veslejenta hadde ei venninne på overnattingsbesøk. Minstemann og eg gjekk oss derfor ein liten tur i Mjeltvika (= 1 1/2 time med foredrag om diverse våpen og sportsbilar). På heimveg møtte vi tidlegare nabo T og gutane hennar, og dei vart med oss heim såpass T fekk prøvesitje terassen min.



No har sola forsvunne bak fjellet, og det er på tide å sprette ein prøvebunke...

3 kommentarer:

  1. Bilda dine blir SÅ mykje finare enn mine, at det MÅ ha med fotoapparatet å gjere. Nydelig dag i dag også. Ingen butikkbesøk av oss på sundag. Då måtte vi vere i nød. Altfor fint ver til shopping også.

    SvarSlett
  2. Motstandar av Kvivsvegen!?? Kvifor det? Marit

    SvarSlett
  3. Motstandar fordi det etter mitt syn var feil satsing av midlar. Sjølv kjem eg dessutan ikkje til å bruke den, men vi er mange som fryktar å få eit dårlegare ferjetilbod dersom trafikken blir merkbart redusert.

    SvarSlett