lørdag 15. september 2012

Bok 61 2012: "Buddhas barn; en reise blant mennesker" av Torbjørn Færøvik

Boka gir eit innblikk i historie og kultur i landa Vietnam, Kambodsja, Thailand og Burma. Forfattaren har skrive fleire bøker frå Asia, og eg kjem til å vere på utkik etter desse. Det er spennande å lese, både fordi temaet er interessant og fordi forfattaren skriv på ein lettfatteleg og kunnskapsrik måte. Tron Brænne les lydboka på ein engasjert og variert måte som gjer det lett å følgje med og bli riven med.

2 kommentarer:

  1. Dette er ei av bøkene eg har på "lese om att" -lista mi. Kan skrive under på det du seier om den. Les denne.

    SvarSlett
  2. Eg ser på nett at han har skrive ein del om Kina òg, og eg skal prøve å få tak i fleire bøker. Han minner litt i stil og sjanger om Tomm Kristiansen, som eg òg har sett pris på. Det er kjekt å lese noko lærerikt innimellom.

    SvarSlett