torsdag 6. september 2012

Bok 58 2012: "Øyne blå" av Jan-Sverre Syvertsen

Denne kriminalromanen har vore skremmande aktuell siste dagane, i og med at den handlar om unge jenter som forsvinn og blir drepne i Ski utanfor Oslo. Temaet er i høg grad bruk av Internett. Boka vert såleis noko avleggs i og med at den er frå 2006, då ungdomen framleis nytta MSN og Messenger, og dei ikkje hadde Internett på mobiltelefonane sine. Etterordet er skrive av ein representant frå Redd Barna, og bak på omslaget har forlaget lagt inn "Nettvettreglene" og "Chattereglene". Dette verkar noko belærande, men eg an godt tenkje meg at boka høver som felleslesing i skulen. Den er spennande og lett å lese, men kanskje noko føreseieleg for røynde lesarar av krim.

1 kommentar:

  1. Boka eg les handlar også om unge jenter som forsvinn og blir funne att som lik. Dette midt opp i Sigrid-saka gjorde at eg rett og slett "blanda" detaljane. Eg merkar også at det i ny krim er fragment av 22.juli, t.d. les eg om ein mann som vart kjend soningsdyktig eller kva det no heiter.Kriminallitteraturen er vel den litteraturen som er mest i tida. Om ein kan seie det slik.

    SvarSlett