torsdag 20. september 2012

Business and pleasure as usual

På jobb har eg mange ballar i lufta for tida. I tillegg til min vanlege jobb skal eg no til å kurse meg litt ekstra, både i engelsk og i meir pedagogisk retta fag. Det betyr at ein fri-onsdag går fløyten, og at eg må setje inn vikar i nokre av timane mine. Eg skal dessutan ha praksisstudent nokre veker, med all den organiseringa det medfører.

På privaten organiserer eg òg. Fritidssyslane til ungane har sjølvsagt førsteprioritet, men eg har òg skaffa meg billettar til både opera, teater og konsert.

Ute skiftar vêret mellom høljeregn og duskregn, det er nysnø i fjella og vått i marka. Ein merkar at energien ikkje er på topp, og då er det ekstra viktig å lage seg nokre høgdepunkt i kvardagen. Cafébesøk og shopping er sjølvsagde innandørsaktivitetar, men eg trur det er viktig å ha nokre billettar på lur for å få åndeleg påfyll.

2 kommentarer:

  1. Kanskje vi treffast på Fruen fra havet? Eg har også kjøpt billettar til Abrahams barn, 23. febr., så her er det langtidsplanlegging for åndeleg føde... Lukke til som praksislærar!

    SvarSlett
  2. Skal du på teater i Ørsta? Eller går den nærare heimen din? Eg likar utfordringar på jobb, i alle fall når det ikkje blir altfor mykje stress.

    SvarSlett