tirsdag 7. juli 2015

1 år med Charlie Hund

I dag er det eit år sidan vi henta Charlie i Holmestrand. Han har vakse ein hei del sidan det, og vi har fått ein herleg familiehund som har svært mykje personlegdom til å vere så liten.

Eg har alltid likt best store, lodne hundar, og eg syntest derfor det var uvant med så små hundar. No ser eg at det har sine klare fordelar, men at ein liten hund vert meir som ei blanding mellom hund og katt. "Bonnie Prince Charlie" legg seg i senger og på sofaputer, som prinsen på erta, og han sit gjerne på fang eller i armkroken. Han kan gøy masse når nokon kjem, men så bli bestevenn med dei når dei kjem inn døra. Litt engsteleg kan han vere, men stort sett berre glad og vennleg. På tur er det ingen problem med å la han gå laus, men på hundetrening er han ikkje akkurat lydig.

Vi er svært glade i den vesle pelsdotten, og livet i leiren har fått ein ny dimensjon.

1 kommentar:

  1. Det var en nydelig 1-åring! Min lille sheltie har rukket å bli hele 5 år...

    SvarSlett