onsdag 8. juli 2015

Bok 57 2015: "Sannheten om Harry Quebert-saken" av Joël Dicker

Korleis greier ein å skrive bok nummer 2, når ein har hatt stor suksess med debutromanen sin? Marcus søkjer råd frå sin gamle forfattarkollega, ven og professor Harry Quebert, som snart kjem i medias søkjelys då liket av ei jente vert funne i småbyen Aurora. Kva skjedde eigentleg då jenta forsvann 30. august 1975? Gåtene er mange, og menneske er ikkje slik dei først framstår. Denne boka gir fleire moglege løysingar og svært sprikande framstillingar, forteljarperspektivet skiftar og her er utdrag frå ulike tekstar. Til saman utgjer fragmenta ein komplisert og interessant roman om kva ein roman kan vere. 

Eg likte boka svært godt, men den vart noko langdryg (papirutgåva er på over 600 sider, lydboka på over 20 timar). Det at ein stadig får nye versjonar av kva som har skjedd, gir romanen eit repetitivt preg som vert forsterka ved at utdrag av boka vert repetert i nye kontekstar. Dette vart litt forvirrande, og noko unødvendig. I tillegg irriterte det meg at kvinneskikkelsane var så fjollete og overflatiske. Eit stort pluss for glimrande innlesing av Helge Winther-Larsen, som gjer lydboka vel verd å lese. Hadde det ikkje vore for han, ville eg ha sagt at dette var ei bok som burde lesast på papir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar