tirsdag 28. juli 2015

Tverahornet (796 moh)

Etter å ha sett nokre freistande utsiktsbilete på facebook, sjekka eg ut noko informasjon om Tverahornet på internett. Det viste seg at fjellet er eitt av kommunens TiTurmål i år, og at den arrangerte turen skal gå 30. august. No er ein ikkje sikre på at 30. august blir ein fin dag, så vi tok like godt og tjuvstarta ein månad før tida.

Råsa går opp gjennom skogen like før ein kjem til Langedalsbroe, på 320 meters høgde over havet. Ein får dermed god hjelp med høgdemetrane i starten viss ein køyrer opp til brua og parkerer der. Råsa er svært utydeleg mykje av turen, men der var ein heil del merking med raude band for å gjere det lettare å finne vegen opp. Nokre stader var det langt mellom banda, og nokre stader hadde banda rett og slett falle av, så det var ikkje heilt enkelt å finne fram. Elles var det ein lett og fin tur, og eit fantastisk vakkert område på toppen, med mykje berg og lyng og nesten flatt terreng. Vi fann oss eit berg midt inne i eit snødekt område der vi kunne sitje i ly av vinden og nyte påskestemninga medan vi hadde utsikt mot sjølve gullrekkja av fjell i Bjørkedalen.

Charlie framfor "gullrekkja": Store-Toren, Lisje-Toren, Klakken og Felden




Bjørkedalsvatnet

Det øvste vatnet, som ein så vidt skimtar, er Svartevatnet

4 kommentarer:

  1. Det så virkelig ut som en fin tur! Her i området er det ikke så høye topper, men jeg har fått vært på en del av de toppturene som er her allikevel. Utsikten på toppen er verdt all klatring i verden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fordi eg har høgdeskrekk, likar eg betre slike "vidder" på toppen enn skarpe tindar. Fin trim, og nydelege naturopplevingar som slår det meste av inntrykk.

      Slett
  2. Fint turvêr i går-og ikkje for varmt. Ein ting dei skulle ha tenkt på dei som merker løypene, var at dei ikkje brukte RAUDE band, med til eksempel gule eller orange. Far din, for eksempel, ser ikkje dei raude banda i ein elles grøn skog.

    SvarSlett
    Svar
    1. Blå er òg ei mulegheit. I Vanylven merkar dei løyper over myrane ved å setje ned pålar med måling på toppen. Måling på tre og steinar er òg effektivt.

      Slett