lørdag 12. mars 2016

Bok 19 2016: "Djevelens barn" av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen

Eg har tidlegare lese "Av jord er du kommet" av same forfattar, men dessverre hugsa eg lite om hovudpersonane då eg begynte på denne boka. Det finst dessutan ei tredje bok om same etterforskar som eg ikkje har lese i det heile. Kanskje ville boka ha blitt tydelegare for meg viss eg hadde lese bøkene meir i samanheng, for eg var noko forvirra til tider. Likevel er dette ein god kriminalroman på mange måtar, med spennande tematikk og fleire mord. Lasse Lindtner les lydboka med fleire dialektar og god innleving, noko som hevar leseopplevinga.

Sentralt i handlinga er forsvunne born frå asylmottak, noko eg har lese ei anna bok om for ikkje så lenge sidan. Meir kan eg ikkje røpe av handlinga, berre at det er ei spennande handling. Det einaste minuset eg ser, er altså at mykje av handlinga og informasjonen om etterforskarane blir uklart når ein ikkje kjenner dei tidlegare bøkene i serien, og her er dette relativt sentralt.

2 kommentarer:

  1. Eg trur ikkje at eg har lese denne, men eit par andre av forfattaren. Det er nokså slitsomt om ein skal halde orden på store persongalleri i alle krimseriane-eg har gitt opp.

    SvarSlett
  2. Einig med deg. Det er mange krimbøker i lydbokutvalet, og då låner eg ei og anna av det slaget.

    SvarSlett