søndag 10. august 2008

I'll be a fool for your loving no more


Laurdag var vi bedne i 40-årsfeiring hos bubil-entusiastane (og ex-naboane våre) i Hofsetråsa. Det vart eit triveleg attersyn med gamle kjende derifrå, nydeleg grilla laks og mykje fliring til langt på natt. Jubilanten styrde musikken, så det vart mykje Whitesnake med tilhøyrande skråling. Ein herleg gjeng, og ein vellukka fest på alle måtar. Biletet er frå campinglivet i sommar - det ser ut til at sommaren går brutalt mot slutten no, sjølv om vi sat ute i heile går kveld.

2 kommentarer:

  1. No er det vel slutt på festinga for ei stund, etter som dei fleste i omgangskretsen ser ut til å ha passert dei magiske 40....men så er det vel andre som nærmar seg 50?

    SvarSlett
  2. Ein kan no fornye omgangskretsen litt, då, med nye jubilantar...?

    SvarSlett