
Nummer 3 har ein god eigenskap som innimellom blir eit problem: ho er stille på butikkar. Det er så og seie uråd å vite kva ho meiner, for ho har pokerfjes og nedslått blikk uansett. Nokon kan ha observert Gamla i det ho seier, med nesten uvenleg og lite moderleg stemme: "Lika du dinna buksa, eller lika du den ikkje? SVAR!".
I går hadde vi eit nytt shoppingprosjekt: nye øyreproppar til MP3-spelaren hennar. Midt inne på El-kjøp erklærte Veslejenta at DER var slike ho hadde lyst på. Det var ikkje proppar, men eit headset, og i lukkerus over at shoppingrunden var over på to minutt, kjøpte eg det ho peika på.
Ute i bilen oppstod eit nytt problem: pluggen passa ikkje til MP3-spelaren. I fortviling lånte ho min, der det berre var lydbok, men det var vel nok så lenge. I heimen fann vi ein I-pod som Gubben kjøpte til meg ein gong, men som eg aldri fekk til å virke. Der passa headsettet fint. Jenta var strålande blid, i motsetnad til storesøskena, som syntest det var altfor råflott å spandere på Veslejenta skikkeleg "Skullcandy".
Går det an å gjere noko rett som firebarnsmor?