onsdag 25. mars 2009

Ung Gamla


Det har kome nokre kommentarar om bilete og 16-årsdagar, og etter å ha tråla gjennom nokre album til har eg funne dette biletet av Gamla og Nadja på 17. mai 1984, altså ein månad før eg vart 16 år. Det var ein del eksperimentering med hårfargar og hårklipp i denne perioden, noko ingen fann det nødvendig å forevige. Eg må innrømme at eg på ingen måte var ein så kjekk tenåring som Eldstejenta!

Hunden Nadja feira her sin første 17. mai; ho var livredd for alle høge lydar og vart skremd av korpsmusikken.

4 kommentarer:

  1. Eg hugsar godt den orange-aktige hårfargen og den nye frisyren som du fekk etter konfirmasjonen. Då du klipte det lange glatte håret, kom krøllane fram. Typisk familiefenomen.Som tenåring hadde du dine bestemte meiningar om det eine og det andre; det var aldri kjedelig rundt deg.Var det ikkje i dei dagar du tok mål av deg til å overta etter Gro Harlem Bruntland?

    SvarSlett
  2. Takk for attesten - og påminninga! Politikk var den viktigaste interessa på den tida, og eit knapt år etter at biletet vart teke var eg til stades då Jens Stoltenberg for alvor entra den poliske arenaen som ny leiar i AUF. På det same landsmøtet fekk eg høve til å snakke litt med Gro Harlem Brundtland, som var mitt store idol. Eg trudde for alvor at eg skulle tilbringe vaksenlivet som yrkespolitikar, men tanken er temmeleg fjern no. Det vil seie; viss nokon ringde og spurde om eg ville bli ny utdanningsminister, hadde eg takka JA :)

    SvarSlett
  3. Ville du virkelig hatt DEN jobben? Har du for lite stress i den jobben du har?Å vere politikar må vere den mest utakksame jobb som finst.Men eg forstår at folk har lyst å få utretta ting!

    SvarSlett
  4. Eg plar seie at eg ikkje ville bli politikar fordi eg ikkje ville bli upopulær, så eg satsa på læraryrket i staden! Om politikarlivet er prega av lite takksemd, er læraryrket berre hakket betre. Av og til kunne eg tenkt meg eit yrke som berre hadde med velvære og koseprat å gjere, som aromaterapeut, men det hadde eg ikkje passa til i meir enn fem minutt før eg hadde bedd kunden slutte å syte og ta seg saman. Av same grunn har eg aldri vurdert helsevesenet. I skulen, derimot, pakkar ein inn slike utsegner i fagterminologi og kallar det karriererettleiing.

    SvarSlett