fredag 13. mars 2009

Brennevin og silikon i barnehagen?

Rundt lunsjbordet i dag gjekk diskusjonen høglydt, og temaet var det lokale bandet som har hatt stor kommersiell suksess siste åra, og som var portretterte i eit dokumentarprogram på Nrk1 i går kveld. Det er ikkje mange på personalrommet som ville ha tilstått å like denne musikken, og i alle fall ikkje tekstane, men diskusjonen går på om det er snobbete å heve seg over slike utslag av ekstrem vulgaritet/folkelegheit. Graden av ironisk distanse vart òg heftig diskutert.

Personleg har eg lite til overs for sjangeren, som kanskje kan kallast "rølpecountry". Eg ser likevel at musikken eg sjølv lyttar til ikkje alltid er fri for klisjéar både i tekst og melodi. I dag tidleg hørte eg på AC/DC i bilen, og det var ikkje det beste døme ein kan finne på litterær nyskaping. Ein finn dessutan døme både på erotikk og anna utagerande åtferd.

Kanskje verkar det berre sterkare fordi det er norsk? Og lokalt?

For min del må dei berre spele og synge kva dei vil, og fansen må få synge med og drikke med begge hender om det er det dei vil. Det eg derimot reagerer negativt på, er at så mange ser på musikken som familievennleg. Ungane spelar platene i barnehagen og syng med i dei humørspreiande tekstane om til dømes fordeling av 24 liter brennevin og innoperering av silikon i bryst som følgje av betra økonomi. Undertekst: tøffe menn drikk mykje, og fine damer har store puppar.

I min barndom song vi truskuldige songar om at "noen barn er brune som et nystekt brød"...


God helg til alle der ute!

4 kommentarer:

  1. For å seie det sånn, så er det ingen her i huset som høyrer på denne musikken.
    Det er vel ikkje noko nytt å heve seg over åmdalingar?
    Eg såg kun eit lite glimt av programmet i går. Det eg synest er artig, er å høyre dialekta.
    Og om nokon får att på skattæ og får silikon i tattæ, ja så er det vel temmeleg bygdis!
    Sameleis når dei rømer frå politiet, eller kva dei no måtte drikke. På Esso drakk dei(Åmdalingar av "rette sorten" på 80-talet) heimeøl frå 5 liters plastkagger i gamle dagar!
    Rett opp handa dei som synest dei er tøffe!
    Vassendgutane har vel gjort den genistreken å dyrke/utvikle denne kulturen. Folk kjenner de(aldri seg sjøllve)att.

    SvarSlett
  2. Såg det nemnde TV-programmet i går! Det MÅ gå an å seie at det meste av det dette bandet presterer, både av tekst og musikk, er langt under pari.Eg er ikkje snobbete, men der går ei grense!Og sidan tekstane er på norsk, blir det dobbelt flaut! Eg ville ikkje spelt desse låtane i barnehagen i alle fall; andre stader er det ikkje så lett å ha kontrollen.(Synest forresten ikkje det er noko særlig å samanlikne barn med nysteikte brød heller.)I går kveld var det rett før eg emigrerte........

    SvarSlett
  3. Torbjørn Egner ville nok vorte trekt fram som rasist med sin "Det var en liten negergutt....."
    p.s
    Der skal stå sjølve i forrige innlegg.

    SvarSlett
  4. Takk for kommentar hos meg!

    Såg dette programmet eg også, ikkje min type musikk heller(for ikkje å snakke om tekstane). Det mest positive med filmen var eit lite gløtt frå bygda mi då bandet køyrde frå ferja på Arsvågen på veg nordover, hehe.
    I barnehagen eg jobbar har dei ein snurfeversjon av DDE, mellom anna "Det går likar no" (det er til å bli "håvegalen" av). Ikkje akkurat barnevenleg det heller spør du meg.

    Må føre til at eg kosar meg på bloggen din :) Eg har skumlese mange innlegg og eg kjem gjerne innom igjen :)

    SvarSlett