søndag 22. mars 2009

Eldstejentas mange uttrykk





















No skal eg snart slutte å mimre, men det var frykteleg enkelt å scanne med den nye skrivaren vår...

I høve Eldstejentas bursdag i morgon har eg tenkt å legge inn nokre bilete til - frå då ho var 2 1/2 - 4. (Biletet av henne og meg er teke 5. april 1997 - fire dagar etter fødselsterminen til Nummer 2, som vart fødd 15. april). Det er ein fantastisk alder når det gjeld fantasi og innlevingsevne, og Eldstejenta hadde mange påfunn som eg har fylt album etter album med. Butikkdamehatten hugsar eg veldig godt - når ho fekk på seg den, begynte ho å snakke Austlending. Sidan ho var einebarn og foreldra sin augestein, fekk ho innreie stova med hytter og butikkar etter innfallsmetoden. Det var utkleding og rolleleik frå morgon til kveld, og mora og faren måtte pent stille opp som kundar og publikum.

Når eg tenkjer meg om, har ho ikkje endra seg så frykteleg mykje...

3 kommentarer:

  1. Ja, eldstejenta fekk mykje merksemd første åra; ikkje berre var ho einebar, men ho var første barnebarnet på farssida og første jente-barnebarnet på morssida.Ho viste tidleg takter til å like å opptre, synge og danse.De er heldige som har så mange bilde. Vi hadde ikkje fotoapparat då de var små, og av min generasjon finst det veldig få bilde.Det er mykje lettare å hugse når ein har bilde å støtte seg til.

    SvarSlett
  2. Gratulerer så masse med 16-åringen!!

    SvarSlett
  3. Bestemora har vinnerlykke i dag!

    SvarSlett