søndag 15. mars 2009

Kvikk lunsj


Ungane, hundane og eg gjekk lang tur i skogsvegen i dag, og då vi kom heim, kosa dei seg vidare ute. Det var ikkje fullt så fint ute som i går, men fint nok til å tilbringe mesteparten av dagen ute. Måltida blir enkle slike dagar - det er berre to skikkelege måltid for dag, frokost og middag, og så får resten bli etter innfallsmetoden. Frukt er alltid populært, og av ein eller annan grunn smakar den best når den er delt opp i bitar.

2 kommentarer:

  1. Eg hadde belaga meg på ein dag på solsenga, så eg har ikkje kome meg til med noko i dag.Pappa for ut og skulle fiske frå kai, men sleit av eit eller anna, så han kom heim att etter kort tid. Ein sløv dag i Starevegen med andre ord.

    SvarSlett
  2. Her har kaninene fått vore ute mellom bygene. Eg har gått meg eit par turar og brukt tid på skulearbeid. Det vert to kontaktmøteettermiddagar denne veka.

    SvarSlett