torsdag 19. mars 2009

Bok 16 2009: "Fredagsstrikkeklubben" av Kate Jacobs


Lurer du på kvifor eg, sikkert den einaste kjerringa i heile "bloggosfæren" som ikkje strikkar, valde denne boka? Kanskje var det lysta til å lese om kvinneleg solidaritet. Kanskje var det assosiasjonane til den "fredagsklubben" eg sjølv deltek i, der det berre ved to tilfelle er blitt teke fram strikketøy.

Denne boka er ikkje original på nokon måte. Ho fortel om ulike kvinnelagnader - kvinner som bruker strikkinga som påskot for å møtast. Kvinnene er enkjer, einslege mødrer, ulukkelege rikmannsfruer og mange andre stereotype kvinnetypar, men dei vert levande for lesaren undervegs så ein må lese (i mitt tilfelle: lytte) vidare for å sjå korleis det går. Absolutt ei bok det er verd å lese - men det er ei bok om og for kvinner, og er ikkje eit lesetips for Gubben i huset.

7 kommentarer:

  1. Hei, denne boka burde eg ha lese. Eg las litt av den i eit vekeblad for eit års tid sidan, men det var ein forkorta versjon, så eg fekk ikkje heilt samanhengen. Eg trur den er filmatisert med Julia Roberts i hovudrolla??

    SvarSlett
  2. Sikkert ein god film - tenkte faktisk på det då eg las at det kunne ha blitt ein god film. Heilt sikkert ei bok for deg! Det rare er at eg fekk litt lyst til å begynne å strikke eg òg. Men det går vel over.

    SvarSlett
  3. Eg har lese boka"for lengst" og skrive om den på bloggen mi. Berre sjekk under etiketten Bøker.

    SvarSlett
  4. Eg meinte eg hadde sett boka før på ein blogg. Sjølv les eg Hoem i mangel på noko anna. Men det er no ei artig tidsskildring.

    SvarSlett
  5. Eg er nesten flau fordi eg les så mange bøker, men i det siste har dei vore svært "korte". Den som eg har liggande no, har eg funne ut at eg må ha lese før, så det blir vel biblio i morgon.Ikkje alltid lett å finne noko som ein har verkelig LYST å lese.Eg likar ikkje ordet tidtrøyte, men somme gonger blir det nesten det.

    SvarSlett
  6. Eg har ikkje lese denne... Det burde eg nok gjere! Kanskje som lydbok, det verkar smart:)

    SvarSlett
  7. Alle strikkande bloggdamer der ute burde høyre denne som lydbok, med strikketøy i hendene!

    SvarSlett