lørdag 14. mars 2009

Ein strålande dag for Indiana Jones, Marion og ein loden nazist


Strålande sol og framleis nokre fordjupingsemne att å rette - her var det berre ein ting å gjere: setje seg ut i solveggen og lese elevarbeid! Naboen syntest visst eg var litt pinglete der eg sat i sola med Felleskjøpdress og solbriller, klar for å få slutt på marsipankvit hud, men ikkje klar for vårforkjøling. Eldstejenta rydda og vaska ned rommet sitt, Nummer 2 var på besøk hos ein kompis, Nummer 3 leika med nabogutane og fekk vere med dei på fisketur og Minstemann leika seg og klatra i tre i hagen. Han og eg gjekk dessutan ein lang tur i skogsvegen - eg på vegen og han i berga ved sidan av - medan vi var Indiana og Marion (ei av filmdamene, sjølvsagt). Bau var også med, og han fekk rolla som nazist. Vi hadde dessutan med trillevogna, og den var ein tanks som Indiana skulle slenge seg på i fart. Vogna har no to punkterte dekk, men ein kan vel ikkje koste på reparasjon og ekstradelar til vogn når guten snart er skulegut? Vi får intensivere sykkelopplæringa - eg ser inga anna råd.

2 kommentarer:

  1. Kom plutselig på kva vi gjorde i min TV-lause barndom. Sidan vi budde nær kinoen, hende det at vi såg både Tarzan og Roy Rogers, sistnemnde ein kjempekjekk cowboy som sat på hesteryggen og spela gitar. Og etterpå "leika" vi filmane, for det meste i Malakoff.Der bygde vi hytter til Tarzan og Jane t.d.Ingen ting i vegen med fantasien den gongen heller.Men dei vaksne heldt vi utanfor.Eller omvendt.

    SvarSlett
  2. Det er godt guten har helte-og fiendebildet klart!

    SvarSlett