torsdag 26. mars 2009

Bok 17 2009: "Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd


I denne boka møter vi den kvite sørstatsjenta som skaut mor si då ho var fire år, og som har sakna henne sidan. Saman med hushjelpa Rosaleen rømer ho frå den usympatiske faren og endar opp på ein bifarm. Symbolikken i bikubane og fascinasjonen for Jomfru Maria er temmeleg tydeleg, og som den førre boka eg las, handlar det også her mykje om kvinnesolidaritet. Eg likte boka godt, men no må eg over på eit nytt tema før eg endar opp som ihuga raudstrømpe. Meir om boka finn du forresten her.

6 kommentarer:

  1. Tru det eller ei, denne har eg også lese! Men det er såpass lenge sidan, at eg godt kunne tenkje meg å lese den ein gong til.Hugsar ikkje all verda, men hugsar i alle fall at eg likte denne boka. Viss du endar opp som superraudstrøpe på grunn av bøkene du les, så torer eg knapt tenkje på kva eg kan bli som konsummerer så mykje krim.

    SvarSlett
  2. Ps: Irriterande å sjå skrivefeila etter at det er for seint å rette!!!

    SvarSlett
  3. Eg las boka i fjor sommar. Eg likte den godt. Skal tru om den er filma? Eg ser for meg eit bilde av faren.

    SvarSlett
  4. Ja, den er filma. Filmen får blanda kritikk, men det blir nok ein tittel på ønskelista...

    SvarSlett
  5. Vi burde hatt nokre filmkveldar, ja. For tida er vi utan DVD-spelar. Det er så mykje nytt, og kva skal ein velje? Eg vil så gjerne kunne ta opp på ein kanal og sjå på den andre som før i tida. Treng tips og eksperthjelp. Spørs om det vert Audun og eg som må ta affere. Det er vi som er mest handlekraftige....
    Påskekrimmane nærmar seg!!!!!

    SvarSlett
  6. Skulle gjerne sett filmen. Likar så godt å sjå film frå sørstatane i USA.Av ein eller annan grunn.

    SvarSlett