onsdag 4. mars 2009

3, 6, 7, 4, 6, 4, 3, 2, 1....

Kva viser den noko kryptiske overskrifta til? Noko for Dan Brown å kaste seg over? Neida, den refererer til min innsats som barnepassar i dag. På turen til Molde i går vart eg berre sjukare og sjukare (så sjuk at eg droppa middagen, og DÅ er det gale!), og då eg kom heim, la eg meg på sofaen med eit pledd og fraus/sov til det var på tide å legge seg. I dag har eg stort sett sete her og vurdert ein prøvebunke - og då meiner eg vurdert å rette. Kvalitetstida saman med ungane har altså dreia seg om å telje kor mange dei var her. Ikkje det at dei sakna meg på nokon måte; her har dei leika, spelt "Fantasi" og bygd jakthytte, så dei leid inga naud. Kanskje bikkjene lid litt, men det får eg prøve å ta att i kveldinga.

No må eg snart ta meg saman og lese gjennom morgondagens tekstar, men den prøvebunken får berre ligge. I morgon får han selskap av ein ny bunke, så no går det slag i slag fram til jonsok. Berre eg no blir fort frisk att, skal det nok gå bra. Lurer på om eg har Post-London-syndrom.

4 kommentarer:

  1. Uff, då, dette var ikkje kjekt å høyre.Håper at du kjem deg forholdsvis fort til att.Det kan no ha med Londonturen å gjere, men då får du tenkje:Den var verd det.
    Elles går det an å ta seg fri ein dag for å komme til hektene att-og kanskje få starta på bunkane.Verda står likevel.

    SvarSlett
  2. God betring, ja! Veldig mange som er sjuke for tida. Det var no bra du ikkje blei sjuk i ferien!

    SvarSlett
  3. Takk skal de ha... Veldig glad for å ha vore frisk på Londonturen, ja! Skal ikkje klage sånn sett!

    SvarSlett