lørdag 14. mars 2009

Vinklubb på Brauta






Og så var det tid for oss å møtast igjen - 14 blide damer med mykje på hjartet om laust og fast. Vinane smakte fortreffeleg - to argentinske og ein økologisk spansk (den var ikkje så god som dei hine). Vertinna serverte dessutan ein nydeleg skaldyrsalat med ris. Vi prata og lo til langt på natt, så det må vel seiast å ha vore ein vellukka kveld på alle måtar.

2 kommentarer:

  1. I går sat eg med ei kjensle av at det kanskje var vinklubb. Har eg kome inn i bloggrytmen? Det ser og høyrest kjekt ut!

    SvarSlett
  2. "Hver gang vi møtes, har vi det bra, vi er venner for livet, sånne er gode å ha" - som dei song ein gong, Gitarkameratene. Vi har det veldig kjekt, og diskusjonsemna vert stadig fleire og meir spennande.

    SvarSlett