søndag 29. mars 2009

Ein varm applaus for Sirkus Kokos!





I dag feira vi endeleg det nye grendahuset i bygda - ein nedlagd skule der mange har lagt ned mykje tid og dugnadsarbeid for å skape eit flott forsamlinghus. Huset har allereie vore i bruk i lang tid, men no er det heilt ferdig, med kjølerom og kjøkken i tipp topp stand. Og det skulle altså feirast i dag. Ungdomslaget skulle stille med delar av programmet, og eg har allereie i eit par tidlegare innlegg skrive om sirkusframsyninga vi har øvd inn. Ungane hadde idéane, medan vi vaksne har sett det heile i system og ordna det meste av det praktiske. Resultatet vart fenomenalt - det er i alle fall mi "objektive" meining. Ungane var kjempeflinke, og alt gjekk etter planen. Minstemann hadde ei lita gjesterolle, og det tok sånn på at han somna på fanget til Besten, som de kan sjå på det nedste biletet. Alle besteforeldra "våre" var til stades, og der var til saman om lag 100 personar i salen.

Komande torsdag begynner vi kanskje å øve inn noko til 17. mai...

6 kommentarer:

  1. Ja, vi får takke for ein hyggelig ettermiddag. Det er så rart med det, det er noko spesielt med ei lita bygd der alle stiller opp og gjer sitt for fellesskapen.Ungane var flinke, dei vaksne var var flinke og alt var bra. Men eg kan ikkje hjelpe for at eg må nemne eldstejenta spesielt. Ho var formidabel som dansande sirkusdirektør!Ho opptrer så proft og naturlig på samme tid at det er berre å gi seg ende over!

    SvarSlett
  2. Takk for skryt! Ungane syntest no det var kjekt at besteforeldra kom og såg på dei - sceneskrekk ligg ikkje akkurat til familien, og Eldstejenta set ein standard for hine. Og for alle dei andre ungane i bygda, som ho koreograferer med hard hand. Sjefsgenet har ho nok frå morssida, er eg redd...

    SvarSlett
  3. Og mora har det frå si mor, som har det frå si mor som var KJØKKENSJEF ?

    SvarSlett
  4. Ja, kjøkkenet er vel ein av dei få stadane eg ikkje sjefar :)

    SvarSlett
  5. Eg sjefar på to kjøken, og er veldig glad når eg slepp å sjefe på kjøken andre stader.
    Det er mykje organisering på ulike arrangement, og det løner seg å ha ei med oversikt for dei ulike områda.

    SvarSlett
  6. Mange artige bilder og stor aktivitet. Det ser ut til at Besten og Besta har det triveleg i lag med barnebarna.
    Eidabesta

    SvarSlett