
I dag har Nummer 3 og eg vore på shopping, til tannlege og på biblioteket. Ein skikkeleg effektiv og koseleg dag, som vi avslutta med cafébesøk på Føniks.
Av innkjøpa kan vi nemne at Nummer 3 no har brukt bursdagspengane sine (og mine) på eit flunkande nytt videokamera. Ho har nemleg planar om å lage sin eigen videoblogg - inspirert av storesystera. Storebroren syntest at ho burde kjøpe trommesett for pengane, og det er ikkje sikkert det ville ha blitt meir bråk av det, for å seie det slik...
Gamla føler seg no rimeleg trygg på at vi har i hus basisvarer som solkrem og reisesjuketablettar, badeklede og crocs. Og så har vi rana biblioteket for humoristiske barnelydbøker, som er eit "must" på lange bilturar. I tillegg lånte Nummer 3 eit par papirbøker, og Gamla forsynte seg grovt med både lyd- og papirbøker som truleg blir presenterte på bloggen ved eit seinare høve. Truleg ikkje som videoblogg...