onsdag 30. september 2009

Boklansering i Ulsteinvik


I kveld tok eg meg ein tur til Ulsteinvik, der svogeren min hadde boklanseringsfest for si nyaste bok: "Himmelen over Shetland". Det var eit vellukka arrangement med mannskor, songinnslag og opplesing. Boka er ei dokumentarbok om lagnader under andre verdskrig, og fleire av "kjeldene" var til stades i salen. Det var fint og rørande å oppleve eit så interessert lyttande publikum, og eg ser fram til å få lese boka på sikt.

Lenkje til Systa sin blogg

2 kommentarer:

  1. Synd at ikkje far din fekk vere med på arrangementet sidan mange av personane i boka er i slekt med han.men slik er det, ein kan ikkje få med alt.

    SvarSlett
  2. Forfattaren las opp utdrag frå boka, men valde då ut lokale namn frå Hareidlandet. Sikkert mest interessant for publikum i salen.

    SvarSlett