tirsdag 22. september 2009

"Kjærlighet i koleraens tid" - no også på film


Eg las boka for ei tid attende, og no har eg kosa meg med filmen også. Ofte er det slik at ein ikkje blir så engasjert av filmversjonen av ei bok ein har likt godt, men denne gongen var det nesten omvendt. Boka var god, men filmen er berre nydeleg. Her er romantikk og kjærleik, gode skodespelarprestasjonar og fantastiske naturbilete. Sjølvsagt har eg sett filmen i einsame stunder - dette er nok ein damefilm (dette er ikkje eit politisk korrekt omgrep for tida, men lesarane forstår i alle fall kva eg meiner). Løp og kjøp - og ha gjerne ein boks Kleenex i bakhand...

5 kommentarer:

  1. Den filmen likte eg godt! Men eg har ikkje lese boka.

    SvarSlett
  2. Eg måtte lese oppatt første 100 sidene, men likte boka godt då eg først var koma i gang. Å lese den etter å ha sett filmen, kan faktisk vere greitt i dette tilfellet. Eg har sansen for forfattaren - han dekkjer det meste av nattbordet mitt for tida.

    SvarSlett
  3. Eg har verken lese boka eller sett filmen. Derimot såg eg(åleine) Menn som hater kvinner-sist helg. Likte filmen godt, og eg hugsa nesten alt frå boka etter kvart.Andre filmen frå S.L sine bøker fekk dårleg kritikk, såg eg, men eg likte ikkje bøkene heller.I går fekk eg Nils med på å sjå Flammen og Sitronen.Eg er ikkje så glad i krigsfilmar.....

    SvarSlett
  4. Kanskje vi skulle ha gjort ein byttehandel? Krim mot kjærleik/kolera?

    SvarSlett
  5. Eg har verken lese eller sett denne, men har sjølvsagt høyrt tittelen. Dersom du garanterer at han er kreftfri, skal eg vurdere å lese boka eller sjå filmen...Eg er heilt øvegjedde over alle bøker som har denne sjukdomen som tema på ein eller annan måte!

    SvarSlett