torsdag 17. september 2009

Peder Haug på Folkestad



I kveld har det vore foreldremøte på Folkestad skule, der tre av ungane mine er elevar. Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, heldt eit foredrag om forholdet mellom heim og skule. Det var ikkje så mange revolusjonerande utsegner i høve til det eg har lese at han har sagt, men likevel ei fornudftig og nyttig påminning om at ingen er perfekte som foreldre, men at vi kan strebe mot å gjere det vi veit er rett. Eg hadde òg sansen for "UFF" (Utkvild, Frukost og Fysisk aktivitet), som er eit enkelt mål for korleis ein elev skal møte til ein ny skuledag. Det var heilt etter mitt hovud - i alle fall i teorien.

Når ein er både lærar og mor, lyttar ein med to øyre. Som mor lempar eg fort på prinsippa om sunn mat for å få i ungane frukost før dei dreg på skulen. Som lærar har eg ein lei tendens til å la elevane ete i timane tidleg på dag fordi eg veit mange ikkje prioriterer frukost, eller ikkje har appetitt om morgonen.

Det siste er noko eg aldri har forstått, forresten; for meg er frukost ein av dei viktigaste grunnane til å stå opp om morgonen. Viss gode rollemodellar har noko å seie også når det gjeld frukostvanane til born, kan eg altså krysse av på at det er noko eg gjer rett.

4 kommentarer:

  1. Då kan no eg også få ei stjerne i søndagsskuleboka, vel? Eg har alltid vore glad i frokost, same kor enkelt måltidet er.Og eg lærte "ungane" opp til å ete om morgonen frå dei var små.At somme ikkje orkar mat med det samme dei står opp, har eg likevel forståing for, derfor synest eg det er bra at dei små får frokost på SFO eller barnehage.Og eg synest faktisk også at eldre elevar kan få ta ein matbit i timen. Betre det enn at dei sit og svelt.

    SvarSlett
  2. Vi snakka faktisk om det så seint som i lunsjen på jobb i dag, at viss dei sit og er svoltne eller må på do, er det betre at dei gjer noko med det enn at dei får konsentrasjonen øydelagd. Likevel følest det litt rart å ta opp med elevar på vidaregåande at dei må hugse å gå på toalettet i friminutta.

    SvarSlett
  3. Ikkje alle born er glade i mat om morgonen i utgangspunktet, men det kjem med alderen. Eg trur mange står for seint opp. Kvar mann si vekkarklokke. Eg sa til ein elev ein gong at han måtte ha ein veldig dårlig mobil! Hæ? Ja, for på min gamle Nokia er det vekkarklokke...
    Elles har eg aldri orka herjing inne. Då ungane var mindre og måtte ha tilsyn var eg med dei ut både føremiddag og ettermiddag.

    SvarSlett
  4. Ja, ein tur ut og få mosjon gjer underverk. Eg ser ofte at eg jobbar like effektivt i helgane viss eg går på tur først, og berre jobbar ettermiddag, som når eg set meg til med skulearbeid frå morgonen av. Ja, det går mot rettingshelg...

    SvarSlett